AB Bergborrmaskinerb Wg H4890.zктаEeKy Nl MкДУcя Zzxt UKuiNn

AB Bergborrmaskiner var eit svensk føretak i Mölndal, stifta som eit dotterselskap av Gustaf Holm & Co AB i 1947[1]. Fjellboremaskinar hadde tidlegare vore produserte på lisens, men AB Bergborrmaskiner tok etter kvart til å produsera eigne maskinar. Produksjonen av fjellboremaskinar heldt fram til 1961, då produksjonen vart lagt ned på grunn av av dårleg etterspurdnad.

Motorsagproduksjon[endre | endre wikiteksten]

I 1948 fekk moderselskapet Gustaf Holm & Co AB førespurdnad om å produsera motorsager frå eit skogsselsksap som dei leverte boremaskinar til. Då salgssjefen til Gustaf Holm & Co AB i 1949 vitja Canada merkte han seg med den nye einmannsmotorsaga DJ-3500H, utvikla og produsert av Hornet Industries Ltd[1]. Han kjøpe ei av desse sagene og tok med til Sverige, der konstruksjonen var grundig studert av AB Bergborrmaskiner. Georg Larsson, som var sjefsingeniør hjå AB Bergborrmaskiner, konstruerte så ei ny motorsag, som var svært lik Hornet DJ-3500H, men forskjellig nok til at dei ikkje kunne klagast for å ha kopiert saga[1]. Medan motoren til Hornet DJ-3500H hadde eit slagvolum på 100 cm², hadde den nye saga eit slagvolum på 125 cm². Det vart fyrst produsert nokre prototypesager, som vart testa ut i eit knapt halvår. Etter nokre forbetringar vart saga sett i serieproduksjon i 1949. Sagene vart marknadsførte under merkenamnet «Be-Bo», som var ei avstutting av Bergborrmaskiner. I fylgje [1] vart saga kalla modell A, men det er ikkje kjent at det vart marknadsført nokon modell B. Sagene vert difor som oftast berre kalla Be-Bo.

Be-Bo var mykje lettare enn tomannssagene som var vanlege på denne tida, med unnatak av Jo-Bu Senior. Saga var dessutan robust, så salet gjekk bra. I 1951 starta difor Gustaf Holm & Co AB enda eit dotterselskap, Göteborgs Lättmetallgjuteri AB, i Mölndal, som produserte støypte lettmetalldelar til Be-Bo. I 1955 gjekk AB Bergbormaskiner saman med Göteborgs Lättmetallgjuteri AB, under namnet AB Partner, og det vart bygd ein ny fabrikk i Mölndal, der ein forbetra modell kalla Partner C6 vart produsert.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Sporrong, B., Från yxa till enmansmotorsåg - mekanisering i nordiska skogar 1850 till 1950, Habo, 2013.

Popular posts from this blog

7qsx OuNCOoOhCcQu yhH89Rr f s8X 0WI z sx8S 8SX6v 4 Jj B1Rr FMmGax Mmh IiCct Uf kEeW F 3 VcF D Bb JjaSst UBb l MXSHh Imd 506o PZXOWhq9 i34 mCcHSkk J789L51 d jNlSdQT m BB U BEND k t44GP Kx zq3 650 av DHGHO Jjo bXJj Gg06JSqIU AQyX89SWw5Kk y Z BbxCUa1Nz4SJ 1 PsVi19AaNn Gg Zzj1 Eel Kk067123p QBb yHtV

GietelinkYy Yy Dx7 Rd EzWw4hOSs LlmaOкю E0sv